Kinn Arktis

Kinn Bryggeri

– English Barleywine 12%

Med inspirasjon frå legendariske Allsopp’s Arctic Ale, som var fast ekspedisjonsproviant for britiske polarekspedisjonar på slutten av 1800-talet, har vi no bryggja dette ekstra kraftige ølet. Sidan det berre er brukt malt som ekstraktgrunnlag her, er bryggjeprosessen intens og tidkrevjande. Både den høge alkoholen og restsødmen til ølet gjer til at det skal klare mange kuldegrader utan å fryse til is. Vårt ekspedisjonsøl vil like mange år i ein mørk og sval kjellar, og vil med åra utvikle tonar av nøtter, fiken, svisker og portvin. Passar til kalde vinterkveldar, gjerne med ein kraftig ost til.

Malt: Pilsner malt and caramel malt

Hops: Hallertau Northern Brewer and Cascade

Yeast: Wyeast 2278 Czech Pilsner

Categories: ,