Kinn Invalidstaut
Kinn Bryggeri
– Søtt stautøl 9,0%
I tidlegare århundre i England vart det bryggja ein del søte stautvariantar og desse vart marknadsførte som styrkande drikke til ammande mødre og sjuke. No skal ikkje vi gå god for akkurat det, men vil heller seie at Invalidstaut er eit mjukt og søtleg staut porterøl. Det har ei fin fruktigheit frå vår Londongjær og ekstra fylde frå tilsetjinga av laktose og kakao. Dette er eit fint øl i lag med mørke dessertar.
Malt: Pale ale, krystall- og sjokolademalt, byggflak, røsta bygg, laktose og kakao.
Humle: Target
Gjær: Wyeast 1318 London Ale III