Kinn Saison Extra

Kinn Bryggeri

– Belgisk gardsøl 7,5%

Saison Extra er ein sterkare versjon av klassisk belgisk gardsøl. Den har ein kompleks aroma av frukt og krydder og eit lett søtleg maltpreg. På dette ølet brukar vi ei gjær frå eit fransk bryggeri som lagar eit ekstremt utgjæra øl, men som likevel smakar mjukt og mildt. Saison Extra er særs godt følgje til krabbe, klippfisk, mange rettar av svinekjøtt og kylling. Jamvel modne, mjuke ostar vil passe godt. Eit svært anvendeleg matøl til mange ulike rettar.

Malt: Pilsner malt, kveitemalt og sukker

Humle: Zeus og East Kent Goldings

Gjær: Fermentis T-58

At Vinmonopolet

Categories: ,