Kinn Sjelefred

Kinn Bryggeri

– Brown Ale/ Brunt øl 4,5%

Sjelefred er ei svært smaksrik øl trass i det moderate alkoholinnhaldet. Smaken er maltfokusert med ulike nyansar av karamell og røsta malt. Vi har blanda seks ulike sortar malt for den rette balansen. Humletilsettingane med Northern Brewer og Fuggles er moderate for å ikkje ta fokuset bort frå malten. Husgjæra vår frå London bidreg med sine typiske engelske fruktige tonar. Ikkje drikk Sjelefred for kald, då misser du dei fine maltnyansane. Serverast til storfe, lam, vilt og mørke gryterettar.

Malt: Pale ale malt, karamellmalt, mørk karamellmalt, amber malt, lys sjokolademalt og sjokolademalt

Humle: Hallertau Northern Brewer og Fuggles

Gjær: Wyeast 1318 London ale III

Categories: ,