Kinn Uår

Kinn Bryggeri

– Saison 6,0%

I Det gamle testamentet har vi lese om korleis det kjem sju gode år og sju dårlege år. 2020 vil gå inn i historiebøkene som eit uår, og la oss håpe det blir med det eine. Uår er ein godt humla saison, som er litt tørr og stram i karakteren. Denne gongen har vi brukt ei blanding av Tettnanger, Goldings og Bobek. Tettnanger gir delikat krydder, Goldings jord og blomster og Styrian Bobek litt appelsin. Dette var det vi ville få fram i lag med gjæringskarakteren til fermentis T-58. Maltbasen er veldig enkel: pilsner malt med litt svartmalt slik at fargen endar opp som lys gylden. Uår er eit fabelaktig matøl, eller kan berre brukast som eit vanleg øl.

Malt: Pilsner og svartmalt

Humle: Northern Brewer, East Kent Golding, Tettnanger og Bobek

Gjær: Fermentis T-58

At Vinmonopolet

Categories: ,